Event Image
Haust - Tenleir
Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

  • Fra: fredag 3. okt. 2025, 18:00
    Til: mandag 6. okt. 2025, 15:00
  • Fjordly ungdomssenter

    Holmevegen, Bryggja, Norge

Legg til i kalender: Google iCal Outlook
Om arrangementet

Velkomen til Haust - Tenleir!

Aldersgruppe: 8.klasse til 3.klasse vgs

Hjarteleg velkomen til Tenleir på Fjordly! I haustferien blir det 4 kjekke dagar med leir. Både du som har vore på leir utallige gongar og du som aldri har vore på leir før er velkomne til å vere med! Vi skal saman ha gode dagar med mykje moro, aktiivitet, fint fellesskap, Jesus, god mat og mykje sprell. Vi oppfordrar deg til å sette av desse dagane til å bli kjent med nye vener, bli betre kjent med gamle vener og bli betre kjent med Jesus. Vi håpar DU vil kome på leir!!
PRIS: Kr 1800 deltakar (Kva det kostar å drive leir)
Du må betale: 1300kr  (Les mer om Leirfondet lengre ned)
GRATIS, om det er første gong for deg på Fjordly-leir.

Deltakarar som er på Fjordly-leir for første gong får leiren GRATIS. Utgiftene vert dekka av ACTA. Meld deg på her, huk av at du er første gong på leir og møt til innsjekk!

Påmeldingsfrist: 01. oktober kl.23:00
Leirfondet: Leirfondets formål er å dekke utgiftene for nye deltakarar og å halde prisane på leir nede. Vi har fridd til Normisjonens foreninger og til fjordens sogneråd, i tillegg til midler fra Leirklubben. Om du vil og har mulighet til være med å støtte leirarbeidet står du fri til å betale full pris.
Blir du medlem i leirklubben er du også med på å gjøre leirene billigare! Les meir under.
Medlem i Leirklubben?
Ved å melde seg inn i leirklubben går 50 kr av leirkontigenten per kalendarår til medlemsavgift i Leirklubben.
Gjennom medlemskap i leirklubben er du med å støtte leirarbeidet, gjennom at  vi kan søke om frifondmidler som kan brukast i barne- og ungdomsarbeidet slik at leirane blir betre og billegare.
Påmeldinga er bindande. Betaling gjerast ved innsjekk.
Avmelding etter 72 timar før leirstart: 25% av påmeldinga.
Manglande oppmøte: Full påmeldingsavgift fakturerast

Pakkeliste:

På Fjordly søv vi på hytter på området. Ein kan komme med ønsker om kven ein vil sove på rom med.
Alle får utdelt dyne, pute, sengetøy, stor og liten handduk.
Ta med:
- Innesko/sandalar
- Skrivesaker og bibel
- Toalettsaker
- Gymklær
- Uteklede og utesko til å vere aktive i (tilpassa veiret) 
- Kiosk og kollektpengar (Kan betale med vipps, kort eller kontant)
- Instrument om du vil spille i band (oppgi kva slags instrument i påmelding)
- Godt humør:)

Anna viktig informasjon:

Teknologibruk
På leir nyttar vi ikkje smartbrett/telefonar til underhaldning, men prioriterer å bruke tid på kvarandre utan skjerm. Hovudbygget vert mobilfritt.
Sikkerhet og henting av ungdommar
Ta kontakt med leirsjef dersom deltaker bruker medisiner og treng hjelp til bruk av desse.
Avtal med leirsjef om det er behov for å hente deltaker under leiren.
Skofri sone
Utesko skal takast av ved inngongen.
Allergi, dyr og rusmiddel
Det er viktig at leirleiarane får vite om deltakarane har tilstandar som krev oppmerksomhet eller særleg opplæring - eksempelvis bruk av epi-pen.
Kjæledyr kan ikkje takast med, då alle våre rom må vere allergivennlege. Alkohol og andre rusmidlar er forbode. Snus og energidrikker er heller ikkje tillatt på leir.

Varmt velkomen!

Meld deg på Haust - Tenleir

Fyll ut feltene under for å melde deg på.


Velg type:
  • Påmelding for leirdeltager

    Her melder du deg på om du skal vere betalande deltakar på leiren eller om du er følge til ein deltakar. Alle må oppgje næraste pårerande slit at vi veit kven vi skal kontakte ved akutt tilstand.

  • Påmelding for leirleiarar og kjøkkenpersonale

    Her melder du deg på om du skal bidra som frivillig eller lønna medarbeider på leiren. Alle må oppgje navn og telefonnummer til næraste pårørende i tilfelle akutt tiland.


  • Kundestøtte:

    For spørsmål knyttet til arrangementet, ta kontakt med:

    Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

    Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs- og påmeldingsvilkår:

    Her finner du Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs og påmeldingsvilkår som gjelder når du melder deg på Haust - Tenleir.


    Bruk Påmeldinger.no på ditt arrangement!

    Påmeldinger.no er et påmeldingssystem for konferanser, kurs, konserter og events. Vi håndterer betaling og administrativt arbeid i forbindelse med arrangementer.

    2025 Påmeldinger.no AS