Event Image
Vinter - Tweensleir
Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

  • Fra: fredag 13. feb. 2026, 18:00
    Til: søndag 15. feb. 2026, 15:00
  • Fjordly ungdomssenter
Legg til i kalender Google iCal Outlook
Om arrangementet

Velkomen til Vinter- Tweensleir!

Aldersgruppe: 4.-7. klasse

Hei og velkommen til leir!

Første helga i vinterferien er det Tweensleir på Fjordly! Du er hjarteleg velkomen enten du aldri har vore på leir før eller har vore på mange leirar! På leir gjer vi alt vi kan for å ha det kjekt og godt ilag. Vi skal leike, ha aktivitetar, ete god mat, le ilag og kose oss! Vi skal bli kjent med kvarandre på leiren og betre kjent med Jesus.

Ta med deg ein ven eller ti, og bli med på leir! Snakkast der:) 


Påmeldingsfrist 11. februar 23:00

Deltakeravgift/Pris

Pris: 1800kr

Du må betale: 1300kr 

GRATIS om du er på Fjordly-leir for første gong


Deltakarar som er på Fjordly-leir for første gong får leiren GRATIS. Utgiftene vert dekka av ACTA. Då er det berre å kome til innsjekk, så ordnar vi registrering der!


Leirfondet: Leirfondets formål er å dekke utgiftene for nye deltakarar og å halde prisane på leir nede. Vi har fridd til Normisjonens foreninger og til fjordens sogneråd, i tillegg til midler fra Leirklubben. Om du vil og har mulighet til være med å støtte leirarbeidet står du fri til å betale full pris.

Blir du medlem i leirklubben er du også med på å gjøre leirene billigare! Les meir under.


Medlem i Leirklubben?

Ved å melde seg inn i leirklubben går 50 kr av leirkontigenten per kalendarår til medlemsavgift i Leirklubben.

Gjennom medlemskap i leirklubben er du med å støtte leirarbeidet, gjennom at vi kan søke om frifondmidler som kan brukast i barne- og ungdomsarbeidet slik at leirane blir betre og billegare.


Påmeldinga er bindande. Betaling gjerast ved innsjekk.

Avmelding etter 72 timar før leirstart: 25% av påmeldinga.

Manglande oppmøte: Full påmeldingsavgift fakturerast.


Pakkeliste:

På Fjordly søv vi på hytter på området. Ein kan komme med ønsker kven ein vil sove på rom med.

Alle får utdelt dyne, pute, sengetøy, stor og liten handduk.


Ta med:

- Innesko/sandalar

- Skrivesaker og bibel

- Toalettsaker

- Gymkle/utekle til å vere aktiv ute i (tilpassa veiret)

- Kioskpengar


Anna viktig informasjon:

Betaling gjerast ved innsjekk. Det greiaste er å sende med born kontantar dersom ein ikkje er tilstades sjølv.


Teknologibruk

Leiren er mobilfri! På leir nyttar vi ikkje smartbrett/telefonar til underhaldning, men prioriterer å bruke tid på kvarandre ansikt til ansikt.


Ringe heim

Ein snakkar med romleiar når ein vil ringje heim, og foreldre ringer leirsjef om det er noko.


Sikkerhet og henting av born

Medisinar vert teke inn på romleiaren sitt rom og ein avtalar når ein skal ha den. Romleiaren hjelper til å hugse medisinering.

Dersom ein må hente born medan leiren er i gong, må dette avtalast med leirsjef.


Skofri sone

Utesko skal takast av ved inngongen.

Allergi, dyr og rusmiddel

Det er viktig at leirleiarane får vite om deltakarane har tilstandar som krev oppmerksomhet eller særleg opplæring - eksempelvis bruk av epi-pen.

Kjæledyr kan ikkje takast med, då alle våre rom må vere allergivennlege. Alkohol og andre rusmidlar er forbode. Snus og energidrikk er ikkje tillate på leir.


Varmt velkomen!

Send melding til 48456010 (Håvard Lade), om det er noko!

Meld deg på Vinter - Tweensleir

Fyll ut feltene under for å melde deg på.


Velg type:
  • Påmelding for leirdeltager

    Her melder du deg på om du skal vere betalande deltakar på leiren eller om du er følge til ein deltakar. Alle må oppgje næraste pårerande slit at vi veit kven vi skal kontakte ved akutt tilstand.

  • Påmelding for leirleiarar og kjøkkenpersonale

    Her melder du deg på om du skal bidra som frivillig eller lønna medarbeider på leiren. Alle må oppgje navn og telefonnummer til næraste pårørende i tilfelle akutt tiland.


  • Kundestøtte:

    For spørsmål knyttet til arrangementet, ta kontakt med:

    Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

    Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs- og påmeldingsvilkår:

    Her finner du Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs og påmeldingsvilkår som gjelder når du melder deg på Vinter - Tweensleir.


    Bruk Påmeldinger.no på ditt arrangement!

    Påmeldinger.no er et påmeldingssystem for konferanser, kurs, konserter og events. Vi håndterer betaling og administrativt arbeid i forbindelse med arrangementer.

    2025 Påmeldinger.no AS