Event Image
Haust - Tweensleir
Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

  • Fra: fredag 10. okt. 2025, 18:00
    Til: søndag 12. okt. 2025, 15:00
  • Fjordly ungdomssenter

    Holmevegen, Bryggja, Norge

Legg til i kalender: Google iCal Outlook
Om arrangementet

Velkomen til Haust - Tweensleir!

Aldersgruppe: 4.-7. klasse

Hei og velkommen til leir!

Siste helga i haustferien inviterar vi til Tweensleir på Fjordly. Både du som har vore på leir fleire gongar og du som aldri har på leir før er hjarteleg velkomen! På leir gjer vi mykje kjekt saman. Det blir mykje leik, aktivitet, godt fellesskap, mykje latter, god mat og mykje meir. Vi skal bli betre kjent med gamle vener, kjent med nye vener og betre kjent med Jesus. Leiarane gler seg til å vere med dykk på leir!
Ta med deg ein ven eller ti, og bli med på leir! Snakkast der:) 

Påmeldingsfrist 08. oktober 23:00

Deltakeravgift/Pris

Pris: 1800kr
Du må betale: 1300kr 
GRATIS om du er på Fjordly-leir for første gong

Deltakarar som er på Fjordly-leir for første gong får leiren GRATIS. Utgiftene vert dekka av ACTA. Då er det berre å kome til innsjekk, så ordnar vi registrering der!

Leirfondet: Leirfondets formål er å dekke utgiftene for nye deltakarar og å halde prisane på leir nede. Vi har fridd til Normisjonens foreninger og til fjordens sogneråd, i tillegg til midler fra Leirklubben. Om du vil og har mulighet til være med å støtte leirarbeidet står du fri til å betale full pris.
Blir du medlem i leirklubben er du også med på å gjøre leirene billigare! Les meir under.
Medlem i Leirklubben?
Ved å melde seg inn i leirklubben går 50 kr av leirkontigenten per kalendarår til medlemsavgift i Leirklubben.
Gjennom medlemskap i leirklubben er du med å støtte leirarbeidet, gjennom at vi kan søke om frifondmidler som kan brukast i barne- og ungdomsarbeidet slik at leirane blir betre og billegare.
Påmeldinga er bindande. Betaling gjerast ved innsjekk.
Avmelding etter 72 timar før leirstart: 25% av påmeldinga.
Manglande oppmøte: Full påmeldingsavgift fakturerast.
Pakkeliste:
På Fjordly søv vi på hytter på området. Ein kan komme med ønsker kven ein vil sove på rom med.
Alle får utdelt dyne, pute, sengetøy, stor og liten handduk.
Ta med:
- Innesko/sandalar
- Skrivesaker og bibel
- Toalettsaker
- Gymkle/utekle til å vere aktiv ute i (tilpassa veiret)
- Kioskpengar
Anna viktig informasjon:
Betaling gjerast ved innsjekk. Det greiaste er å sende med born kontantar dersom ein ikkje er tilstades sjølv.
Teknologibruk
Leiren er mobilfri! På leir nyttar vi ikkje smartbrett/telefonar til underhaldning, men prioriterer å bruke tid på kvarandre ansikt til ansikt.
Ringe heim
Ein snakkar med romleiar når ein vil ringje heim, og foreldre ringer leirsjef om det er noko.
Sikkerhet og henting av born
Medisinar vert teke inn på romleiaren sitt rom og ein avtalar når ein skal ha den. Romleiaren hjelper til å hugse medisinering.
Dersom ein må hente born medan leiren er i gong, må dette avtalast med leirsjef.
Skofri sone
Utesko skal takast av ved inngongen.
Allergi, dyr og rusmiddel
Det er viktig at leirleiarane får vite om deltakarane har tilstandar som krev oppmerksomhet eller særleg opplæring - eksempelvis bruk av epi-pen.
Kjæledyr kan ikkje takast med, då alle våre rom må vere allergivennlege. Alkohol og andre rusmidlar er forbode. Snus og energidrikk er ikkje tillate på leir.

Varmt velkomen!

Send melding til 48456010 (Håvard Lade), om det er noko!

Kundestøtte:

For spørsmål knyttet til arrangementet, ta kontakt med:

Acta / Normisjon Sogn og Fjordane

Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs- og påmeldingsvilkår:

Her finner du Acta / Normisjon Sogn og Fjordane sine salgs og påmeldingsvilkår som gjelder når du melder deg på Haust - Tweensleir.


Bruk Påmeldinger.no på ditt arrangement!

Påmeldinger.no er et påmeldingssystem for konferanser, kurs, konserter og events. Vi håndterer betaling og administrativt arbeid i forbindelse med arrangementer.

2025 Påmeldinger.no AS