Det sit ein langhåra bleiking i kjellarstova. Ved sida av han i sofaen ligg det kassettar og fanziner. Han har noko pretensiøst over seg, noko berre einsame kan ha. Og er ikkje kleda så svarte og andletet så gravalvorleg at det verkar parodisk?
Svartmetallen har for lengst tatt steget frå undergrunnen og blitt ein stoverein og verdskjend musikkeksport, men framleis er det knytt fordommar til folka bak. Musikar og journalist Harald Fossberg har følgt det norske svartmetallmiljøet sidan starten og har mellom anna skrive boka Nyanser av svart – Historien om norsk Black Metal.
I Festtale til svartmetallaren tar Fossberg mørkemennesket på kornet, og tar oss med inn bak liksminke og kyrkjebrannar.
Det er fort gjort å sette folk i bås. Da kan vi le av dei, ta avstand frå dei eller herme etter dei. I foredragsserien Festtaler ber vi kjende og kunnskapsrike folk halde taler til dei kjæraste stereotypiane våre.