Event Image
Rundesymposiet 2024
Runde Miljøsenter

  • Start: Thursday, Apr 25, 2024, 12:00
    End: Friday, Apr 26, 2024, 13:00
  • Rundavegen 237
  • 60 spots
Add to calendar: Google iCal Outlook
Event details
«Berekraftig turisme i eit kyst- og fjordøkologisk perspektiv.»

Føremålet med Rundesymposiet 2024 er å setje søkjelys på korleis framtida sitt reiseliv (regenerativt reiseliv) kan kombinerast med forsking innan marinbiologi, oseanografi, ornitologi og marin teknologi i ei berekraftig symbiose med dagen sine trendar knytt til lokal verdiskaping, miljø og klima. Reiselivet er inne i ein betydeleg transformasjon, og mykje tydar på at denne næringa vil ta opp i seg element som er nye og ulike frå slik vi kjenner turistnæringa i dag.

Vi samlar forskingsmiljø, næringsliv, organisasjonar og forvalting på Runde Miljøsenter den 25. og 26. april 2024 for å setje søkelys på moglegheitsrommet og stake ut retningar: Korleis kan vi i praksis utnytte moglegheitene som ligg i det komplette marin-økologiske fjord- og kystsystemet til å etablere eit pionerområde for forsking og innovasjon? Eksempel på tema vi ønskjer belyst er:

• Korleis skal regionen ta del i dei nasjonale satsingane for eit globalt og berekraftig reiseliv?
• Masseturisme får større avgrensning, pga. miljøkrav og lokal motstand. Korleis bruke fjord- og kystøkologi som basis for heilårsturisme på Vestlandet?
• Kva kan den tverrfaglege kunnskapsbaserte forskinga bidra til i transformasjonen av det naturbaserte reiselivet?
• Kva kan maritim teknologi bidra med i forhald til berekraftig transport med skip som ferdast i særs utsette og sårbare områder, som for eksempel verdsarvfjordane Geiranger og Tafjord?
• Korleis kan digitalisering, sensorikk, automatisert observasjonsutstyr og folkeforsking, sørgje for meir effektiv og billigare kunnskapsinnhenting til hjelp i forvaltinga av desse områda?
• Kva kan Møre Ocean Lab tilføre regionen som plattform for tverrfagleg forsking?

Målgruppa for denne konferansen vil vere offentlege og private aktørar som brenn for berekraftig utvikling innan forsking knytt til marine og maritime næringar, i ein unik og sårbar kyst- og fjordregion med ein betydeleg reiselivsaktivitet.

Vi ønskjer deg, som brenn for berekraftig utvikling velkomen til eit kreativt, og kunnskapsgenererande symposium ......

Programmet vil kome i løpet av kort tid. Symposiet blir arrangert på Runde Miljøsenter. Vi organiserar overnatting på øya.
Vi minner om at det er enklare med transport til Runde frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden enn frå Vigra Lufthamn i Ålesund.

Mvh
Arrangementskomiteen/Runde Miljøsenter AS

Sign up for Rundesymposiet 2024

Fill out the fields below to sign up.


Choose type:
  • Rundesymposiet pakke 1 // 25.-26.april

    NOK 3,000.00
    Dagpakke begge dagar inkl. måltid og overnatting frå 25.-26.april.

  • Rundesymposiet pakke 2 // 25.-26.april

    NOK 1,500.00
    Dagpakke begge dagar inkl. mat (ingen overnatting)

  • Rundesymposiet pakke 3 // 24.-26.april

    NOK 3,900.00
    Deltaking begge dagar inkl. mat og 2 overnattingar frå 24.-26.april

  • Rundesymposiet pakke 4- Innleiar

    NOK 2,000.00
    Alle måltid + 1 overnatting frå 25.-26.april


  • Support:

    For questions related to the event, please contact:

    ottar@runde.no
    Runde Miljøsenter's Sales and Registration Terms:

    Here you can find Runde Miljøsenter's sales and registration terms that apply when you sign up for Rundesymposiet 2024.


    Use Påmeldinger.no for your event!

    Påmeldinger.no is a registration system for conferences, courses, concerts, and events. We handle payment and administrative work related to events.

    2025 Påmeldinger.no AS